I vakjarhusa vakta gjetarane over buskapen i den tida då rovdyra herja. Hus er litt misvisande, for dette er både små og enkle byggverk.
Eit av vakjarhusa som er bevarte ligg på Høgeheida i Langedalen, og tilhøyrer Mo-gardane.
John P. Moe skriv i Ørstaminne 1987 at huset er fleire hundre år gammalt, men at det var rive ned av «vitlause unggutar» i 1918.
I 1976 vart det sett i stand att.
Moe laga og eit dikt om huset: «Utrygg var marka for folk og fe/ der var både bjørg og varg. Ofte laut jegrar dra av stad/ sau vart drepen og ku slått ned/ av ulv og av bjørnen arg»
«Til dugnad samlast då folk på Mo/ og vakthus dei bygde seg. Buskapen trong både fred og ro. / Bjørnen og vargen laut stoggast no/ og tynast med odd og egg.»