– Det vil seie at tilbodet Hovden – Oslo er sikra gjennom koronaperioden. Vi er opne for forlenging dersom det skulle vere behov for det, seier Dale til Møre-Nytt.
Han viser dessutan til at heile flypassasjeravgifta er fjerna for 2021. Det er også eit resultat av forhandlingane.
I sommar truga Widerøe med å leggje ned heile tilbodet mellom Oslo og Hovden viss ikkje staten kom på bana. Då viste Widerøe til at passasjeravgifta åleine medførte at kvar einaste flytur mellom Oslo og Hovden gjekk med underskot.
Frå lokalt hald vart det då eit krav at både flypassasjeravgifta og andre avgifter måtte reduserast, og at ordninga med statleg støttekjøp for Hovden – Oslo vart innført igjen..
Denne ordninga vart fjerna av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i 2016.