Sesongopnar i Volda

Pudderalarm i bakken i Volda.  Foto: Volda skisenter

Nyheiter

– Trass i at mengda med snø var noko uventa, er det utruleg kjekt å kunne fortelje at vi opnar familiebakken ved Volda skisenter, fredag, fortel driftssjef Øyvind Flåskjer i ei pressemelding.

– Og sidan vi har fått gåvemidlar frå Magne Haugens minnefond, kan vi til og med tilby gratiskøyring!



Flåskjer og resten av driftsteamet og trakketeamet ved skisenteret har jobba på det siste døgnet for å få alt klart til opning.

– Kommunelegen oppmodar om smittesikre uteaktivitetar, og etter ei grundig vurdering har vi kome fram til at vi kan halde familiebakken open. Men kiosken og varmestova vert stengt.

– Hald ein stavlengdes avstand!