Det kjem fram i ein dom frå Sunnmøre tingrett torsdag, skriv NRK.
Organisasjonen Nei til vindkraft på Haramsøy hadde bede om ei såkalla mellombels åtgjerd på Haramsøya vindkraftverk fram til resultatet av ei rettssak om konsesjonsspørsmålet er klart. Dei meiner at konsesjonen frå 2009 ikkje er gyldig fordi dei hevdar at det har skjedd fleire feil undervegs i behandlinga.
I tillegg til at vindkraftmotstandarane tapte spørsmålet om stans i utbygging, er dei òg dømde til å betale 950.000 kroner i sakskostnader.
– Eg er sjølvsagd skuffa og er ikkje samd i dommen, seier leiar Birgit Oline Kjerstad i Nei til vindkraft på Haramsøy.
Ho seier at advokatane deira no truleg vil gjere klar ein anke.
Vindkraftmotstandarane har gjennomført ei rekkje aksjonar på Haramsøya for å hindre arbeidet med bygginga av dei 150 meter høge vindturbinane.