– Åmskaret, for dei som har leita fram langrennsski …
Det er den korte, men presise beskjeden frå Ørsta skisenter på Facebook, etterfølgt av eit svært talande bilde av nypreparerte langrennsløyper.
Eit guddommeleg syn for skiinteresserte - i retning Åmskaret. Foto: Ørsta skisenter
– Tusen takk for løypene! Strålar ein i kommentarfeltet.
Men dei som vil på ski bør kanskje vere om seg. Snøen som har kome no ser ut til å vere på ein heller kortvarig visitt.
Varselet for laurdag ser nemleg slik ut:
Dei sunnmørske vêrgudane slår til igjen. Foto: Yr.no
Så då veit du kva du har å gjere. Ta på deg skiskoa og spring!