Fire nye smitta i Stad

- Fire nye personar har testa positivt for covid-19 i Stad kommune, melder Stad kommune fredag ved ordførar Alfred Bjørlo.

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

(Fjordingen):Alle dei smitta var allereie i karantene fordi dei var nærkontaktar til personar med kjent smitte. Alle tilfella er kopla til saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Dei smitta i heimeisolasjon og nærkontaktar er sett i karantene og vert testa i dag.

Kommunen melder at dei har god kontroll på situasjonen gjennom smittesporingsarbeidet, og ein har framleis ikkje funne grunnlag for eigne lokale tiltak utover nasjonale råd og retningslinjer.

- Aktivitet i skular, barnehagar og arbeidsliv kan gå som normalt med gjeldande smitteverntiltak. Ein har heller ikkje funne grunnlag for å avgrense aktivitetar innanfor idretten eller kulturlivet. På grunn av omfanget i saka gjer kommunen fortløpande vurderingar omkring aktuelle tiltak i samråd med Folkehelseinstituttet, heiter det i meldinga.

Kommunen ber alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom om å ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.

Denne saka vart fyrst publisert i Fjordingen