Ankar vindkraft-dom

NPK: Organisasjonen Nei til vindkraft på Haramsøya har bestemt seg for å anka avgjerda til Sunnmøre tingrett etter at retten torsdag sa nei til å stoppa vindkraftutbygginga til konsesjonsspørsmålet er behandla rettsleg.

Birgit Oline Kjerstad er leiar i «Nei til vindkraftverk på Haramsøya», som no går til sak mot staten. Her står ho på øya.   Foto: Privat

Nyheiter

– Vi har bestemt oss for å anka til lagmannsretten, seier leiar i Nei til vindkraft på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad til Sunnmørsposten.

Ho seier dei ikkje er overraska over dommen frå Sunnmøre tingrett, men at dei er usamde i avgjerda retten har kome fram til.

Ifylgje advokatane til vindkraftmotstandarane som avisa har snakka med, vil ankesaka truleg koma opp i lagmannsretten rundt årsskiftet.