Smittekjelda framleis uviss i Volda

Koronatesting: Tre personar har testa positiv for korona denne veka. Ein person har framleis ukjent smittekjelde.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Tre personar har testa positivt for korona i Volda kommune denne veka.

- Ein kom frå raudt land, ein har vore på reise i innlandet på stad med høgt smittetrykk og ein person har framleis ukjent smittekjelde. Det pågår framleis smittesporing og ein ventar prøvesvar på nærkontaktar i kveld og i morgon. Vi kjem tilbake med ny statusoppdatering dersom vi får fleire positive prøvesvar, opplyser kommunen på sine heimesider.

I veke 46 vart det testa 380 personar i Volda og Ørsta. Denne veka, til og med onsdag, vart det testa 266 personar.