Melder trugsmål til politiet

Volda kommune har ved ordførar Sølvi Dimmen meldt trugsmål mot tilsette til politiet.

Uroleg: Ordførar Sølvi Dimmen i Volda er uroa over trugsmål mot tilsette i kommunen, og har meldt ei ytring til politiet. 

Nyheiter

Det var på eit sosialt medium ein person har skrive: «Volda kommune er farlige mennesker innen bvt. De skulle vært drept alle.»

Postinga vert tolka retta mot alle dei tilsette innan barnevernstenesta.

– Som arbeidsgjevar er eg oppteken av å ta i vare tryggleiken til dei tilsette. Difor ser eg alvorleg på slike trugsmål, og difor vert det meldt, seier Dimmen til Møre-Nytt.

Ho vil ikkje seie om det ofte vert registrert slike trugsmål.

– Men denne meldinga er uansett langt over grensa, seier Dimmen.

Overfor politiet ber ordføraren i Volda om at ytringa vert strafferettsleg vurdert. Volda kommune kjenner ikkje til den fulle identiteten til personen som står bak ytringa.