Innstilte og forseinka ferjer

Det er mykje vind og det skaper vanskar for ferjene. Arkivfoto.   Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Nyheiter

Den kraftige vinden skapte vanskar for ferjetrafikken torsdag.

Fjord1 melde torsdag formiddag om at sambandet Festøya- Hundeidvik var innstilt.

Norled hadde hatt problem med straumen på Solavågen, og det skapte forseinkingar på Festøya-Solavågen.

Også avgangar ved Volda-Lauvstad var innstilt grunna vêret.

I tillegg var det innstillingar av ruter på Hareid- Sulesund, og Årvika- Koparneset.