Fire nye covid-positive i Volda

Koronatesting.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune har i dag ( torsdag) fått svar på alle prøvene som blei tatt av nærkontaktar av dei tre positive tilfella tidlegare i veka.

- Fire nærkontaktar har testa positivt. Smittesporing har ikkje avdekt nye personar som må i karantene i lokalområde. Kommuneoverlegen ber alle som har luftvegssymptom om å teste seg. Vi har framleis eit smittetilfelle med ukjent smittekjelde, skriv kommunen i ei pressemelding klokka 1650.

Tre personar testa positivt for korona i Volda kommune tidlegare denne veka.

- Ein kom frå raudt land, ein har vore på reise i innlandet på stad med høgt smittetrykk og ein person har framleis ukjent smittekjelde. Det pågår framleis smittesporing og ein ventar prøvesvar på nærkontaktar i kveld og i morgon. Vi kjem tilbake med ny statusoppdatering dersom vi får fleire positive prøvesvar, opplyste kommunen på sine heimeside tidleg torsdag ettermiddag.

I veke 46 vart det testa 380 personar i Volda og Ørsta. Denne veka, til og med onsdag, vart det testa 266 personar.

Her fortel ordføraren i Volda om smitteverntiltaka

Løysinga der ein sjølv kan sjekke resultatet av koronatesten på Helsenorge.no fungerer ikkje, opplyser kommunen.

-Vi vil difor sende ut svar på SMS til dei som er testa frå og med onsdag 18.11. Dei som var testa før dette og framleis ikkje har fått svar kan ringe teststasjonen (700 58 960) for å få svaret, står det på kommunen sine heimesider.