Utan straum i Hjørundfjorden og i Ørsta

– Arbeider på spreng for rette feilen

Nyheiter

Mørenett melder om at abonnentar i Hjørundfjorden miste straumen torsdag formiddag.

201 husstandar var berørte, vart det meldt klokka 10.01, seinare vart talet oppjustert til 633. Like etter klokka 13.00 er det framleis 537 hustandar som er berørte, men klokka 13.15 var det 204 kundar utan straum.

Klokka 10.10 kom endå eit utfall, og då vart det opplyst at feilretting kan ta tid.

Klokka 10.14 kom straumen tilbake fram til Hustadvik.

– Vi har ikkje funne feilen heilt endå. Det er eit fasebrot på høgspentleidninga ved Ville bru. Vi arbeider på spreng for å rette feilen, opplyser Ole Johan Rekkedal i Mørenett like før klokka 12.

Klokka 13.15 var strumen tilbake på Sæbø og Husadnes. Det oppstod ein ny feil som gjer at området frå Hustadnes til Urke/Øye manglar straum.

I området med Høgebrua var det eit utfall klokka 12.17. Mørenett melder at nitti kundar er berørte. Feilen skal vere litt meir omfattande enn først antatt.

–Rettetid antatt kl. 16. opplyser Mørenett.

Det har kome mykje tung snø sidan i går. I tillegg er det no mykje vind.