Grunneigarane på Mo ønsker vidare utvikling på Fremre Mo

– 30-40 år for seint å verne jorda på Mo

– Jordvern er viktig, det er ingen tvil om det, men kan det brukast her i denne samanhengen?

Grunneigarar: Tore Mo Solbakken, Helge Moe og Sølvi Moe er grunneigarar på Mo. Dei stiller spørsmål om vegstubben på Øvre Mo skal bli endestasjonen for utviklinga av Ørsta sentrum. 

Er det meir aktuelt med jordvern i sentrum enn på Legene?

Nyheiter

Spørsmålet vert stilt av Helge Moe. Han er den største grunneigaren innanfor planområdet B10 Fremre Mo. Saman med Sølvi Moe og Tore Mo Solbakken er Helge Moe uroa for den framtidige utviklinga av Ørsta etter sist formannskapsmøte. Senterpartiet og SV gjekk inn for å stoppe reguleringsplanen før eit samla formannskap sende saka vidare til kommunestyret.