To nye koronasmitta i Volda – den eine med ukjend smittekjelde

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder onsdag morgon at dei tysdag fekk melding om to nye positive koronaprøver. Desse kjem i tillegg til ein positiv test som vart meldt om tysdag kveld.



«Ingen av desse er knytt til utbrotet vi har hatt, og den eine personen har ukjend smittekilde. Alle nærkontaktar er varsla, men smittesporinga vil halde fram i håp om at vi finn kjelda. 13 nærkontaktar er sett i karantene. Nærkontaktane vil bli testa, og vi kjem tilbake med meir informasjon når resultata av desse prøvene er klare. Det vil tidlegast skje på kvelden torsdag", melder kommuneoverlegen.

Smitteoppsporingsteamet i Volda og Ørsta vil minne alle på at om du får luftvegssymptom, må du halde deg heime og avtale test med teststasjonen. Dette er heilt naudsynt, sjølv om du trur du berre er litt forkjøla. For mange kan koronasjukdom vere nettopp det, som ei forkjøling.