Snøkaos på vegane - flyplassen stengt

Tett snøkave onsdag kveld, skapte vanskelege køyreforhold  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det kraftige snøvêret onsdag ettermiddag og kveld førde til fleire utforkøyringar, men ingen alvorlege hendingar.

Politiet melde om ei utforkøyring ved Hjartåbygda, men ingen vart skadde.

Det var også fleire andre bilar som hamna i grøfta ulike stader i Ørsta-Volda.

I Stigedalen låg eit tre delvis over vegen, vart det meldt ved 20-tida. – Dårleg føre på staden, melde politiet på Twitter.

Brøytemannskapa kjempa med å halde tritt med snømengdene, men ut på kvelden vart nedbøren mindre intens.

Ørsta-Volda lufthamn var stengt for trafikk onsdag ettermiddag og kveld. Ingen fly landa, og dermed vert det heller ingen morgonavgang torsdag.

Det er meldt meir nedbør torsdag, og det kjem som snø dersom vermeldinga slår til.