Smitteutbrot i Stad kommune – med link til Volda

Koronatesting.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Etter lenge å ha unngått korona-smitte, har det på få dagar kome eit smitteutbrot der åtte personar hittil er smitta.



Dei åtte personar har fått påvist smitte med covid-19 kopla til kontakt med ein person som har vore på reise til Bergen i slutten av veke 45.

Fire personar er smitta i direkte kontakt med den reisande. Fire andre er smitta etter kontakt med ein av desse igjen. Alle personar med påvist smitte er i isolasjon og alle nærkontaktar er sett i karantene og vert følgde opp med testing. Tre av dei smitta er i heimeisolasjon i Stad kommune. Dei andre som er smitta er heimehøyrande i Volda, Stryn, Gloppen, Kinn, Bremanger og Bergen kommune.

Dei siste dagane har Stad kommune jobba aktivt med smittesporing, og kommunen vil kome med ny informasjon ved vidare utvikling i saka etter som smittesporingsarbeid og testinga held fram.

Ein har ikkje funne grunnlag for lokale tiltak utover dei grunnleggande smitteverntiltaka og dei nasjonale retningslinjene. Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar held fram som før.