Fire koronasjuke innlagde på sjukehus

Fire personar er innlagde på sjukehus med korona her i fylket. Helseføretaket opplyser ikkje kvar dei er frå, eller på kva sjukehus dei er innlagde.  Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Nyheiter

Helse Møre og Romsdal melder onsdag at fire personar er innlagde med koronavirus i Møre og Romsdal.





Den hittil siste pasienten vart innlagt på sjukehus tysdag. Helseføretaket oppgjev ikkje kva sjukehus dei fire er på. Personvernomnsyn vert oppgitt som grunn til ikkje å opplyse om dette.

Sjukehusa i fylket er no organisert slik at det berre er Molde og Ålesund som skal ha innlagde korona-pasientar.