Ekspertutval: Risikoutsette og helsepersonell bør få koronavaksine først 

NPK-NTB: Risikogrupper, helsepersonell og andre i kritiske samfunnsfunksjonar bør stå først i køen for koronavaksine, tilrår eit ekspertutval.

Det blir prioritert kven som får korona-vaksine fyrst.  Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Nyheiter

Utvalet, som er utnemnt av Folkehelseinstituttet (FHI), meiner likevel prioriteringane må avhenge av korleis pandemien ser ut når vaksinen kjem.

Det går fram av ei pressemelding tysdag kveld.

Gamle og sjuke

Dersom styresmaktene i store trekk har kontroll med smittesituasjonen, bør risikoutsette, gamle og sjuke stå aller først i køen. Om scenarioet derimot handlar om utbreidd smitte der ein ikkje har kontroll, bør helsearbeidarar stå først, tilrår utvalet. Deretter kjem risikoutsette og folk i kritiske samfunnsfunksjonar.

Tilrådingane baserer seg både på eit sett med verdiar, som likeverd og velferd, og fem rangerte mål, der redusert risiko for død og alvorleg sjukdom er dei to første.

Likebehandling

– Det viktigaste slik eg ser det, er at det er likeverd og likebehandling, ikkje sosial status, som skal telje. Og det er risiko for død og alvorleg sjukdom som bør vere leiande prinsipp, seier utvalsmedlem Reidun Førde til NRK.

Det er regjeringa som tek den endelege avgjerda om prioritering av vaksinedosane. Dette skal vere klart innan 1. desember.

Til NRK seier leiar Lill Sverresdatter Larsen i Sjukepleiarforbundet at ho i hovudsak er samd i prioriteringa. Samtidig peikar ho på at helsepersonell blir prioritert under dei vanlege influensavaksinasjonane – for å hindre vidare smitte inn i helsetenesta.

– Sånn sett er dette ei nedprioritering, seier Larsen.