Avlyser julegrantenninga i Volda

Julegran.  Foto: Illustrasjonsfoto: Robert Bråthen / SCANPIX

Nyheiter

– Det vert dessverre ikkje tenning av julegrana i Volda slik det bruker, 1. søndag i advent.

Det skriv Frelsesarmeen Volda på si Facebook-side.

– Sjølv om arrangementet er ute, er det ikkje oversikt nok til at vi kan ta ansvar med omsyn til smittevernreglane. Volda kommune viser forståing for dette, og vil tenna grana ca. 1. desember, er meldinga.