50 studietilbod med oppstart våren 2021

Det kan no søkjast på over femti studium på Høgskulen i Volda. 

Nyheiter

Det kan no søkjast opptak på Høgskulen i Volda til over femti studium med oppstart våren 2021. Nokre av tilboda har frist 1. desember.

Studietilboda med oppstart våren 2021 er innan både administrasjon og leiing, digital kompetanse, estetiske fag og musikk, helse- og sosialfag, historie og religion, idrett og friluftsliv, lærarutdanning, matematikk og naturfag, mediefag og språk og litteratur.

Høgskulen i Volda tilbyr i dag 15 mastergrader. Av dei tilboda som har oppstart våren 2021 er 16 mastergrader eller emne på masternivå.

Eit av tilboda du kan søke på er Undersøkande journalistikk (15 studiepoeng). Studiet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon.

Dei fleste tilboda har løpande opptak, men nokre tilbod har frist 1. desember 2020: Nettstudium i engelsk og historie i tillegg til masteremna Documentary Photography, Leiing og åtferd og Utvikling og læring i barnehage og skule.