Politiet fekk kl. 14.38 melding om eit trafikkuhell ved Osbrua. Ein lastebil mista minst eitt av dekka på hengaren. Dekka spratt av garde, og på ferda trefte det to andre bilar.
Hengaren var fylt med stein, og eit av dekka fall av. Foto: Svein Nordal
Det var stor dimensjon på det løpske dekket. Foto: Svein Nordal
Politiet melder at det ikkje er meldt om personskade førebels
Politiet ber trafikantane følgje anvising frå utrykkingsmannskapa.