Slik skal skulen handtere koronautbrot

Rask og rett informasjon, og kven som skal gjere kva, er vesentleg i Ørsta kommune sin oppdaterte plan for koronasmitte i grunnskulen.
Nyheiter

– Etter initiativ frå fylkesmannen har vi laga ein plan for rolleavklaringar viss det skulle oppstå ein situasjon med koronasmitte i skulen i Ørsta. I nokre kommunar der det har oppstått koronasmitte i skulen, har det vore forvirring om kven som har ansvaret for kva. Difor har vi laga denne planen, seier seksjonsleiar Kirsti Øy Driveklepp i Ørsta kommune.