Diskuterte skulekrinsgrensa i nye Volda

- Oppsiktvekkande å overprøve høyringssvara

Kommunalsjef Per Ivar Kongsvik diskuterer med Arild Iversen under ein pause i formannskapsmøtet.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Arild Iversen (KrF) kritiserer både administrasjonen og oppvekstutvalet i Volda fordi dei ikkje har lytta til foreldre og bygdefolket i Austefjorden i saka som gjeld skulekrinsinndeling. Saka har vore ute på høyring to gongar. Oppvekstutvalet har gjort eit vedtak som inneber at borna frå Austefjord skal gå på skule Hornindal, noko eit fleirtal av foreldra ikkje ønskjer.