Ny koronasmitte i Volda

Nyheiter

Volda kommune har tysdag fått melding om ei positiv koronaprøve.

-Personen var i karantene etter opphald i raudt land og er no sett i isolasjon. Det er to nærkontaktar som er sett i karantene. Det er ikkje forventa smittespreiing i lokalsamfunnet av dette tilfellet. Smittesporinga er avslutta seier kommuneoverlege i Volda, Inger Lise Kaldhol i ei pressemelding.