Nei til fleire på kyrkjebenkene

NPK-NTB: Helseministeren seier nei til å lempe på regelverket som seier at kulturarrangement utan fastmonterte sete maks kan ha 50 tilskodarar.

Kyrkjebenkene i Oslo Domkirke  Foto: Kyrre Lien

Nyheiter

Det skriv NRK etter eit møte tysdag formiddag mellom helseminister Bent Høie (H), kulturminister Abid Raja (V), FHI, Helsedirektoratet og fleire forbund i kulturbransjen.

– Tilbakemeldinga mi til kulturbransjen er at smittesituasjonen ikkje gir oss moglegheit til å lempe på regelverket. Saka er konkret vurdert av Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, og den klare tilrådinga deira er ei streng tolking, seier Høie til NRK.

Fleire aktørar i kulturlivet har reagert på regelen, som mellom anna fører til at kyrkjekonsertturnear har vorte avlyste eller nedskalerte. Kyrkjebenkene blir nemleg ikkje rekna som fastmonterte sete.

– Benker blir ikkje rekna som fastmonterte sete, sidan benkene ikkje er individuelle sete og det er lettare å flytte seg nærare kvarandre, skriv regjeringa i grunngivinga si for denne definisjonen.