Løyvde meir til bruer, men set vilkår

Politikarane i Volda løyver meir pengar  til selskapet som jobbar for bruer over Voldsfjorden, men etterlyser avklaring om realismen i prosjekta.

Volda formannskap diskuterte bruprosjekta over Voldsfjorden og Dalsfjorden tysdag. Styreleiar Ola Krumsvik i Voldsfjorkryssing AS på talarstolen.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Planlegginga av Voldsfjordkryssinga og Dalsfjordsambandet har gått sin gang, hovudsakleg ved hjelp av klattvise løyvingar frå Volda kommune. Men i det nye kommunestyret har det blitt reist spørsmål om finansieringsgrunnlaget. Det vil seie om det verkeleg er slik at Voldsfjordkryssinga kan finansierast med ferjeavløysingspengar, og om fylkeskommunen står bak Dalsfjordkryssinga.