– Ei skam å leggje ned Møteplassen

– I det heile å foreslå å legge ned dette særs viktige tilbodet til den svakaste gruppa menneske, er rett og slett ei skam!

Nedleggingstruga: Laurits Bjørdal (t.v.) og Kåre Olav Aarseth er provoserte over framlegget om å avvikle møteplassen for psykisk sjuke i Ørsta. 

Nyheiter

Leiar Kåre Olav Aarseth i Landsforeininga for psykisk sjuke Søre Sunnmøre, LPP, og vara til styret, Laurits Bjørdal, er provoserte og sinte over framlegget frå kommunedirektøren om å avvikle Møteplassen på Viketunet grunna stram kommuneøkonomi.