– Pass på smittevernet i juleferien

Folk som kjem heim til Sunnmøre på juleferie, eller etter juleferie i andre regionar, bør vurdere å teste seg.

Test: Alle som reiser på juleferie, vert rådde til å teste seg når dei kjem heim. 

Nyheiter

Det er rådet frå kommuneoverlegane på Sunnmøre før jul.

– Ein etterlengta juleferie står etter kvart for døra. Vi gler oss til å treffe slekt og vener. Det er viktig å kunne gjennomføre dette på ein trygg smittevernmessig måte, heiter det frå kommuneoverlegane. Vi har difor utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til at juleferien både kan verte den høgtid og samlinga vi ønskjer, og at det vert trygt knytt til smittevern.

Dei har laga smitteråd på fem punkt før juleferien.

1) Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.

2) Pass på godt smittevern når du reiser.

3) Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonane våre med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand.

4) Dei 2–3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med din næraste familie der du bur. Besteforeldre og vener får vente på deg desse dagane.

5) Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!

Rune Sæbønes