Aandahls opnar snart dørene

Ny klesbutikk på 900 kvadratmeter

Mathias Hestås Skaldebø og butikksjef Gry Løvold gler seg til opne dørene til Aandahls i Vikegata.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Butikksjef Gry Løvold gler seg til opne dørene til Aandahls sin nye butikk i Vikegata komande veke. Då Møre-Nytt vitja butikklokala fredag morgon var det stor aktivitet i dei 900 kvadratmeter store butikklokala som omfamnar eigne avdelingar med kle for barn, herrar og damer.