Nærmar seg ferdigstilling av Dalevegen 24

– Her vil dei tilsette få mykje betre arbeidsforhold

Synfaring: Dalevegen 24 nærmar seg ferdigstilling. Torsdag var den kommunale byggenemnda på synfaring i bygget.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

12. februar skal det vere overrekking frå hovudentreprenør Ivar Aambakk AS til Ørsta kommune i Dalevegen 24. Bygget som tidlegare har husa legar og helsestasjon blir renovert og har fått ein etasje til. Dalevegen 24 skal romme mellom anna helsestasjon, base for den heimebaserte omsorga og fysioterapitenesta når bygningen er klar til innflytting.