Statsministeren med peikefinger til ungdommen

Statsminister Erna Solberg snakka blant anna til ungdommen under pressekonferansen om koronasituasjonen fredag.   Foto: Jil Yngland / NTB / NPK

Nyheiter

Statsminister Erna Solberg (H) er bekymra for smitteauken blant ungdommen. Ho ber dei unge vise solidaritet med eldre og andre sårbare grupper.

På pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag gav statsministeren uttrykk for at ho var bekymra for at smitteauken dei siste vekene har vore stor i aldersgruppa 13 til 19 år.

– Også de må ha minst mogleg kontakt med andre, halde god avstand til dei de er saman med, vaske hendene godt og vere heime når de er sjuke, sa Solberg til ungdommen, før ho la til:

– Hugs at dette gjer vi i solidaritet med dei som er eldre og andre sårbare grupper, slik at vi slepp å ha like strenge tiltak gjennom heile desember og at vi kan feire jul saman med dei vi er glade i.