Situasjonen for symjebassenget i Ørsta er kritisk

– Kjem ikkje til å ta nokon risiko på vegner av brukarar og tilsette

Ørsta kommune veit ikkje om symjehallen i sentrum vert opna att eller om dei kan forlengje levetida litt.

Kritisk: Symjebassenget i Ørsta er i svært dårleg forfatning. Kommunen vil prøve å utbetre skadane og fylle opp bassenget med vatn, men det er ikkje nokon garanti for at bassenget vert opna i det heile. 

Nyheiter

Sist veke fekk kommunestyret lese den slåande rapporten om tilstanden til symjehallen. Irene Graskopf, seksjonsleiar eigedom, orienterte om vegen vidare i formannskapet tysdag.