Skateparken er klar og no startar arbeidet med treningsparken

– Eit mekka for aktivitetar!

Med nybaka skulebollar vart torsdag feiring og lovprising av Ørsta aktivitetspark. Skate- parken er no ferdig støypt og om nokre veker skal treningsparken etter planen stå klar.

Jubel: Betongpark er ferdig med skateparken i Ørsta aktivitetspark. Om cirka ein månad skal både skateparken og treningsparken vere klar til bruk. 

Nyheiter

Kristin Riise, assisterande rektor ved Velle skule, hadde lova arbeidarane i Betongpark skulebollar før dei reiste frå Ørsta. Torsdag hadde sjetteklassingane bakt i heimkunnskap og bollane vart konsumert medan ferdigstillinga av skateparken vart markert.