Nye produkt og nytt namn for Volda Fiskemat

Satsar på kvit og raud bacalao

– For oss er det kjekt å få fram nye og gode produkt som vi er stolte av. Bacalao er både rask mat og festmat.

Bacaleo: Volda Fiskemat lanserte bacalao denne veka. Frå venstre Linda Brynjulfsen Indresæter, Brient Azarcon, Hans Kvammen, Bente Sørheim og Hege Skurtveit. 

Nyheiter

I butikkhyllene denne veka har kvit og raud bacalao frå Volda fiskemat funne sin plass. I 2017 fekk bedrifta i Furene eit produksjonsoppdrag om å lage bacalao og tre år seinare er bacalaoen lansert under eige namn.