Færre fødde i Volda – fleire i Ørsta

Talet på fødslar i Møre og Romsdal gjekk ytterlegare ned i 2019. I 2019 vart det fødd 2.537 barn i fylket, som representerer ein nedgang i talet på fødde på 120 barn i forhold til 2018.

Kvinneklinikken: Ved sjukehuset i Volda. Illustrasjon/Arkiv 

Nyheiter

Det kjem fram i fylkesstatistikken til Møre og Romsdal fylkeskommune.

23 av kommunane i fylket hadde nedgang i talet på fødslar frå 2018 til 2019, og nedgangen i talet på fødde var størst i Ålesund med ein tilbakegang på 58. Det gir nedgang på 11 prosent i forhold til 2018. Volda hadde med 29 færre fødslar i 2019 samanlikna med 2018 ein prosentvis tilbakegang på 24,6 prosent. I Volda var det 89 fødde i 2019.

– Det er viktig å merke seg at både Ålesund og Volda hadde auke i talet på fødslar i 2018, og derfor kan tilbakegangen i 2019 for desse kommunane sjåast på som ei korrigering av fødselstala i 2018, står det i statistikken.

I Ørsta var det 142 fødslar i 2019, 21 fleire enn i 2018.

Talet på levande fødde barn per kvinne har gått mykje ned i etterkrigstida. I 1968 fødde kvinnene i Møre og Romsdal i gjennomsnitt 3,20 barn i løpet av livet, mens det nasjonale gjennomsnittet var 2,75 barn. Situasjonen er ein heilt annan i dag. I 2019 var det nasjonale gjennomsnittet nede i 1,53 fødde barn per kvinne, og for Møre og Romsdal 1,64, som er ein ytterlegare nedgang frå 2018, då talet var 1,70. Trass i at gjennomsnittet på 1,64 er historisk lågt, er likevel Møre og Romsdal det fylket der det blir fødd tredje flest barn per kvinne. Lågast er talet på fødde per kvinne i Oslo, der gjennomsnittet er nede i 1,42.

I 2019 var gjennomsnittleg fødealder i Noreg 31,3 år, som er ein auke på 0,2 år frå 2018. I Møre og Romsdal er kvinnene i gjennomsnitt 30,8 år når dei føder. Sidan 1999 har dette auka med nærare 2 år, då var fødealderen til kvinnene i Møre og Romsdal 29,0 år.