Lærling i særklasse

– Bilal var rett og slett for god til at vi kunne sleppe han

– Kva eg likar med å jobbe med blomster? Alt!

Lærling: Bilal Ahamd Najib stortrivst blant fargerike blomster hos Tilseth Blomster på Alti. Han starta som lærling 20. juli, og får mykje ros både frå kundar og frå dei andre tilsette. 

Nyheiter

Bilal Ahamd Najib (22) er ny lærling hos Tilseth Blomster på Alti. Sidan juli har han vore å finne bak disken til Solgunn Tilseth Breivik, i full sving med å lage bukettar og dekorasjonar – som om han aldri har gjort noko anna.