Mange årsaker til meirforbruk i helse og velferdstenester

– Velferdsteknologi har ikkje hatt den innsparingseffekten som er lagt til grunn for i budsjettet

Seksjonsleiar Kristin Vik i helse og velferdstenester orienterte formannskapet fredag om årsaker til meirforbruk og kva tiltak dei gjer.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Fleire brukarar, auka behov, meirforbruk på økonomisk sosialhjelp, mange tilsyn, utfordringar i rusarbeidet, auka krav til skulehelsetenesta og kompleks logistikk i seksjonen er nokre av punkta som seksjonsleiar Kristin Vik peikte på då ho orienterte formannskapet fredag.