Ny koronasmitta i Ørsta

Ein person fekk tysdag kveld stadfesta koronasmitte, melder Ørsta kommune.

Frå teststasjonen i Hovdebygda.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Tysdag kveld fekk Ørsta kommune melding om eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Ørsta. Personen vart testa etter innreise frå raudt land, og er no i isolasjon saman med nærkontakt/reisefølgje.

Dette er det 11. smittetilfellet registrert i Ørsta sidan pandemien starta.

Ørsta kommune minner om smittevernreglane: "hald deg heime om du har symptom og ta kontakt for testing. Hald avstand og vask hender ofte."