Ørsta fekk onsdag sin tolvte koronasmitta innbyggjar.
Symptomfri sjømann testa positivt på rutinetest etter seks veker i Ørsta
- Eg har inga aning om når eller kvar eg vart smitta
Ny koronasmitta i Ørsta
Ein person fekk tysdag kveld stadfesta koronasmitte, melder Ørsta kommune.
Onsdag ettermiddag melder Ørsta kommune:
"Vi fekk onsdag 21. oktober melding om enda eit nytt covid-19 tilfelle. Personen er busett i Ørsta kommune men oppheld seg no i utlandet.
Personen asymptomatisk og vart rutinemessig testa tysdag morgon i utlandet i forbindelse med jobbreise. Personen sit i isolasjon i utlandet. Smittekjelda er førebels ukjent, men kan potensielt skrive seg frå annan stad i landet då personen nyleg har vore på reise i Norge.
Fire nærkontakter i Ørsta sit i karantene og er testa. Vi jobbar med smittesporing og testar breidt."
Dette er det 12. tilfelle registrert i Ørsta kommune sidan pandemien starta. Den ellevte vart registrert av Ørsta kommune tysdag, og den tolvte onsdag.