– Vi treng ei betre barnehagedekning

– Det hastar å få ei politisk avklaring på kva løysingar vi ynskjer oss og har råd til.

Barnehage: Marit Aklestad (SV) meiner det hastar å kome vidare i arbeidet med barnehageplassar i Ørsta. 

Nyheiter

Det sa Marit Aklestad (SV) etter at ordførar Stein Aam hadde svart på fleire spørsmål knytt til barnehagar frå Aklestad. SV-politikaren ville ha svar på kva kommunen gjer for opprette fleire ordinære barnehageplassar i Ørsta sentrum. Aam viste til at seksjon barnehage har sagt at det er framtidsretta å tenke større einingar.

– 4–6 avdelingar vil kunne godkjennast for om lag 120 barn noko som er grei storleik i Ørsta, men lite i nasjonal samanheng. Ingen ynskjer hastige og mellombelse løysingar, men seksjon barnehage har vist løysingsvilje når behovet kom, sa Aam og vist til at seksjonen vil lage ei barnehagemelding der dei ser på behov, ressursar og moglegheiter framover.

Aklestad er glad for at det kjem ei barnehagemelding, men meiner at arbeidet med å sikre barnehageplassar kunne kome i gang tidlegare.

– Dette sommelet går ut over dei minste i kommunen. Vi treng ei betre barnehagedekning, slik at alle born skal kunne husast i Ørsta kommune.

– Eg ventar i spenning på saka som kjem på nyåret.