TV-aksjonen 18. oktober

Til kamp mot plast i havet

TV-aksjonen NRK 2020 går til WWF sitt arbeid for å bekjempe plast i havet. I år går TV-aksjonen av stabelen 18. oktober, men i år vil ingen ringe på døra di

Digital bøsse: Rebecca Riise Bjerknes og Marit Aklestad frå aksjonskomiteen viser fram årets digitale bøsser. Grunna koronasituasjonen vert det ikkje dør til dør-aksjon i samband med TV-aksjonen. 

Fakta om TV-aksjonen NRK:
  • Verdas største innsamlingsaksjon målt i talet på frivillige og innsamla kroner fordelt på innbyggjartal
  • 7.000 frivillige over heile landet organiserer TV-aksjonen gjennom kommune- og bydelskomitear
  • Har vore arrangert kvart år sidan 1974
  • Totalt har TV-aksjonen samla inn over ni milliardar kroner
  • Det lokale engasjementet er noko av det som gjer TV-aksjonen heilt unik
  • Kjelde: NRK
Nyheiter

– Vi er spente før aksjonen, seier Rebecca Riise Bjerknes og Marit Aklestad, som er to av dei som sit i TV-aksjonskomiteen i Ørsta.

Grunna koronasituasjonen vert nemleg årets aksjon digital.

– Vanlegvis har vi rundt 100 bøsseberarar i aksjon. I år er talet langt mindre, men forskjellen er at du når mykje lenger med ei digital bøsse, seier dei to.

Plast i havet

«Åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneska. Med konkrete tiltak der problema er størst, skal årets TV-aksjon ta plasten ved rota. Saman skal vi redusere plastutsleppa og ta vare på verdshava.»

Slik sel årets TV-aksjon seg inn til hjarta og givargleda til nordmenn.

– Dette er noko alle kan kjenne seg att i. Vi har mykje plastforsøpling også i Noreg, men alle ryddeaksjonane har vist seg å nytte. Folk vert meir medvitne, og det hamnar mindre plast i naturen.

WWF seier dette om kva pengane skal gå til: – Med midlar frå TV-aksjonen startar vi der problemet er størst: Ein tredel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Difor er TV-aksjonsmidlane øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thaliand.

Årets TV-aksjon skal bekjempe plast i havet gjennom å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900.000 menneske. I samarbeid med lokale innbyggjarar, styresmakter og næringsliv skal WWD redusere utslepp av plast til elvar og hav med 7.000 tonn årleg.

– Vi skal samle inn og resirkulere bos som i dag endar opp i naturen, redusere bruken av unødvendig plast og jobbe for at dei som bestemmer, forpliktar seg til å nå WWF sitt mål om null plast på avveger i 2030.

I aksjonskomiteen håper dei at den digitale aksjonen vil engasjere.

– Men vi håper også at ting vil normalisere seg, for det er noko eige med denne aksjonen og tradisjonen med å gå frå dør til dør med bøsse. Vi satsar på det neste år.

Næringsliv

Også lokalt næringsliv har engasjert seg i saka. Sjølv om det ikkje har vore ein vanleg ringeaksjon til næringslivet som vanleg, har mange allereie bidrege.

– Vik Ørsta har gitt 10.000 kroner, Rema 1000 har ein eigen aksjon på gang, og Vartdal Plast har gitt 5.000 kroner, og bidreg også med 100 kroner per sekk med innsamla plast lokalt. Inntil eit visst antal sjølvsagt. Men dette gir ringverknader. Folkehøgskulen til dømes, som alltid er med og bidreg som bøsseberarar, vil i år heller plukke plastsøppel, og på den måten bidra til innsamla kroner. Veldig bra, rosar Rebecca Riise Bjerknes og Marit Aklestad.

Elles vil det vere mogleg å følge TV-sendinga på vanleg måte, aksjonsdagen 18. oktober.

Alle som ønskjer kan registrere seg på blimed.no. Det er då mogleg å opprette ei eiga digital bøsse og samle inn pengar i eige nettverk.