Inntekta til folk i Ørsta ligg høgare enn inntekta til folk i Volda

  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Inntekta til folk i Ørsta ligg høgare enn inntekta til folk i Volda. Men er likevel under landsgjennomsnittet.

Ifølgje fylkesstatistikken er gjennomsnittleg bruttoinntekt i Ørsta 433.400 kroner i 2019. I Volda er tilsvarande gjennomsnittsinntekt 406.500 kroner.

Og mennene tener meir enn kvinnene. I Ørsta er snittinntekta for den mannlege befolkninga over sytten år 518.400 kroner, medan den for kvinnene er 346.500. Tilsvarande tal for Volda er 466.100 og 345.800 kroner.

I fylket er det ein forskjell på 172 .900 kroner, og det betyr at menn i Møre og Romsdal i gjennomsnitt har ei bruttoinntekt som er heile 32,5 prosent høgare enn kvinner.

Samanlikna landet elles ligg inntektsnivået i Ørsta på 92,9 prosent av landsgjennomsnittet. I Volda er inntektsnivået på 87,2 prosent.