Vil ha møte med Statens vegvesen om tre i sentrum

– Vi pressar parketaten til randen

Tett skog: Varaordførar Karen Høydal meiner at Ørsta sentrum er prega av altfor høge tre.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Vedlikehald av tre i sentrumsområdet var det ein lang diskusjon om i kommunestyret. Karen Høydal hadde ein interpellasjon til kommunestyret på vegner av Ørsta Arbeidarparti. Ho bad ordførar Stein Aam ta initiativ til å få redusert planting av store tre i sentrumsområdet.