God dag-praten med Unni Natås

– Som tilflytta lege har eg lært meg at «handa» på Sunnmøre startar ved skuldra

Unni Natås.  Foto: Privat

Nyheiter

Korleis ser kvardagen din ut?

Eg er på beina etter å ha trykt minst to gonger på «slumre-knappen» på vekkarklokka. Full rulle med jobb og alt som høyrer med når ein har tre aktive ungar/ungdomar i hus. Det er veldig kjekt å få vere handball- og fotballmamma igjen. Prøvar å få tid til litt fysisk aktivitet som gir både avkopling og energi.