Ørstingar og voldingar blant dei som pendlar mest

Ørsta og Volda er ein stor integrert arbeidsmarknad med 1.145 pendlarar frå Ørsta til Volda og 741 pendlarar frå Volda til Ørsta.

Kommunegrensa: Ørstingar og voldingar utgjer ein av dei tyngste pendlarstraumane i fylket.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Det kjem fram i ein fersk fylkesstatistikk for 2019.

– Pendlingsmatrisa viser at den største utvekslinga av arbeidskraft skjer frå Sula til Ålesund med 2.039 pendlarar, frå Giske til Ålesund med 1.688 pendlarar og frå Fræna til Molde med 1. 554 pendlarar. Elles er Ørsta og Volda ein stor integrert arbeidsmarknad. Dette utgjer dei tyngste pendlarstraumane i fylket, står det i statistikken.

Pendlinga inn til fylket har hatt ein tiltakande auke etter ein markant nedgang frå 2014 til 2015. I 2019 pendla i overkant av 5 .300 sysselsette inn til fylket frå andre fylke.

Målt i absolutte tal, er Ålesund den største innpendlingskommunen i fylket med 8.814 innpendlarar. På dei neste plassane kjem Molde, Ulstein, Volda og Kristiansund. Dersom innpendling vert målt i prosent av sysselsette, kjem Skodje høgast med 52,5 prosent. Innpendlinga har dermed vorte så høg i 2019 at meir enn halvparten av dei som er sysselsett i kommunen, pendlar inn. Andre kommunar med stor innpendling i prosent av dei sysselsette er Ulstein, Stordal, Volda og Hareid.