Skyttarane talte si sak til politikarane

– Galskap å bygge noko nytt

Orienterte: Arnstein Myklebust (Ørsta/Volda pistolklubb), Stein Aarsæther (Hovdebygda og Ørsta skyttarlag og Kent Riksheim (Hovdebygda og Ørsta skyttarlag) orienterte om klubbane og lokalet dei disponerer i kjellaren i Ørsta kulturhus.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Hovdebygda og Ørsta skyttarlag og Ørsta/Volda pistolklubb tok torsdag imot heile kommunestyret i lokala sine i kjellaren i Ørsta kulturhus. I desember skal politikarane avgjere om kulturhuset skal rivast eller renoverast. Skyttarane meiner at kjellaren kan bevarast slik at dei kan halde fram å vere i lokala sine.