Røykutvikling ved sjukehuset

Nyheiter

Torsdag kvelda rykka Volda brannvern ut på ein automatisk brannalarm ved Volda sjukehus. Det var røykutvikling frå eit rom og røykdykkarar gjekk inn for kontroll, opplyser 110-sentralen.

Paul Ola Vestre ved 110-sentralen opplyser til Sunnmørsposten at det ikkje har vore brann. Det skal ikkje ha vore dramatikk rundt hendinga og mannskapa hadde full kontroll. Røykutviklinga hadde ikkje konsekvensar for pasientane.

110-sentralen meldte frå om hendinga 21.12.