Korona-situasjonen i Ørsta-Volda

Koronatesting Hovdebygda oktober 2020  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Denne veka har det blitt testa 186 ørstingar og voldingar på teststasjonen i Hovdebygda. Og det er ingen nye positive prøvesvar.

Det har også kome svar på prøvene som vart tatt av nærkontaktene til personen som testa positivt for Covid-19 den 10. oktober. Personen skulle til arbeid i Volda då han testa positivt.

Ingen av dei har fått positivt prøvesvar. At testane var negative, betyr at det ikkje er påvist smitte hjå den einskilde på noverande tidspunkt. Karantenebestemmelsane gjeld likevel, det vil sei at den einskilde må vere i karantene slik som bestemt uavhengig dette testresultatet.

Med dette er det testa om lag 5400 personar i Ørsta-Volda sidan i mars.