Fortalde elevar om Moria-leiren

Dorsa Javeid i klasse 10 D på Ørsta ungdomsskule  Foto: Svein Aam

Dorsa Javeid frå Leger Uten grenser på Ørsta ungdomsskule.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Hjelpeorganisasjonen Leger utan grenser arrangerer kvar haust «Et grenseløst skoleprosjekt», der målet er å skape merksemd rundt nokre av dei gløymde krisene i verda.

I år fekk Ørsta ungdomsskule besøk av feltarbeider Dorsa Javeid onsdag. Ho inspirerte dei eldste elevane til å sette i gang med prosjektarbeid.

– Det var god respons, og eg gler med til å høyre korleis dei følger oppp prosjektet. Det viktigaste med mitt besøk er det skulen og elevane gjer, seier Dorsa Javeid.

Dorsa Javeid frå Leger Uten grenser på Ørsta ungdomsskule.  Foto: Svein Aam

Ho har jobbe eitt år for Leger Uten Grenser, mellom anna i den mykje omtala Moria-leiren på øya Lesvos.

– Eg viste biltee frå leiren og fortalde korleis folk lever der. Det er umenneskelege forhold og flyktningane bur der opp til to år før dei kjem seg vidare.

Fire klasser i Ørsta deltek i årets grenselause skuleprosjekt. dei deltek dermed også i konkurransen om å vinne årets Temoignage-pris. Vinnaren er den gruppa som klarer å skape mest merksemd og synligheit rundt ei eller fleire av årets gøymde kriser, eller framsteg.