8015 kroner til inntekt for TV-aksjonen

74 personar var innom kulturkafeen tok turen til Ørstahallen for å markere Verdsdagen for psykisk helse fredag 9.oktober.

Ordførar Stein Aam var ein av dei som tok turen innom Kulturkafeen.  Foto: Privat

Nyheiter

Årets tema for Verdsdagen for psykisk helse er spør meir. På kulturkafeen var det fokus på nettopp dette; å sjå dei som er rundt oss, inkludere og spørje korleis ein eigentleg har det. Flyktningstenesta stod for matserveringa og kunne freiste med kebab-spyd. Det var gratis kaffi og kaker til alle som var innom, og fiolinmusikk sette stemninga.

Verdensdagen for psykisk helse vart markert i samband med Kulturkafeen.  Foto: Privat

- Dette er femte året at kulturkafeen har blitt arrangert til inntekt for TV-aksjonen. Inntektene frå mat- og loddsal, samt sponsorpengar frå Vartdal Plast per innsamla søppelsekk går uavkorta til årets TV-aksjon som støttar verdas naturfond WWF. Småjobbsentralen oppfordra til rydding i nærområdet og søppelsekkane kunne leverast i tilhengar utanfor Ørstahallen, Vartdal Plast sponsa 100 kroner per innleverte sekk, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Kulturkafeen hadde 74 besøkande sist fredag.  Foto: Privat

Det er tenesta for psykisk helse og rus Ørsta kommune (v/Møteplassen aktivitetssenter og Småjobbsentralen), Frivilligsentralen Ørsta, Ørstahallen, Flyktningkontoret Ørsta og LPP Ørsta som står bak arrangementet.